Aaram Gard produserer ulike produkt av økologiske bær og rabarbra. Vi foredler produkta våre her på garden, og har fokus på gode råvarer. Bæra vert pressa og pasteurisert, det er dette som gjev den gode smaken.
Vi gjer all plukking og produksjon for hand.
I år 1520 kom adelssonen Henrik Staalpande til Aaram frå Bergen. Han må ha tenkt dengong at han fann den beste jorda, der vest ved havet med det milde klimaet og fjella i sør som verna mot den verste vinden. 16 generasjonar seinare er garden framleis i slekta og vert for fyrste gong driven av ei kvinne. I 2020 vart det planta nærare 10.000 bærbuskar og rabarbra på garden.
Bæra vert råpressa, pasteurisert og tappa på flasker noko som gir den friske smaken. Vi vonar du vil like produkta, vi har gjort oss flid med å lage dei. Og fylgj oss gjerne på sosiale medier om du vil tinge meir eller har merknader til kvaliteten på produkta.
Produktene vi tilbyr kan variere etter sesong og tilgang på råvarer.
Ynskjer du å få meir informasjon om kva produkt vi sel og kvar du kan få tak i produkta våre, fylgj oss på Facebook eller ta kontakt med oss på e-post aaramgarden@gmail.com.